SISIST | Saueskinnsfellar
skinn, ull, kobber, lommebok, gjenbruk, kortholder, vegetabilsk skinn, økologisk, saueskinn, skinnfell, saueskinnfell, gammalnorsk spælsau, gammelnorsk spæl, spælsau, spæl, trestamme, spisebrikke, brikke, skjærefjøl, matbrikke, serveringsfat, fat, serveringsbrikke, magasinholder, aviskorg, bladholder, upcycling, gjenvinning, resirkulering, tre, or, olje, maling, uro, blogg
15675
page-template,page-template-full_width,page-template-full_width-php,page,page-id-15675,ajax_updown_fade,page_not_loaded,,vertical_menu_enabled,qode-title-hidden,paspartu_enabled,paspartu_on_top_fixed,paspartu_on_bottom_fixed,vertical_menu_outside_paspartu,side_area_uncovered_from_content,columns-4,qode-theme-ver-13.8,qode-theme-bridge,disabled_footer_top,wpb-js-composer js-comp-ver-5.4.7,vc_responsive

Saueskinnfellar

frå økologisk gammalnorsk spælsau

Desse artige sauene har levd det gode liv på ein økologisk gard mellom fjord og fjell i Nordfjord. Garden har lagt om frå ein langt vanlegare sauerase, og bidreg dermed til å ivareta den bevaringsverdige rasen.

 

Gammalnorsk spælsau har fleire vakre fargevariantar. Fargane vert kategorisert som svart, grå, blå, brun, lys brun, kvit, flekkete, grelet og viltfarga. Skinnfellane har dermed eit stort spenn i utsjånad sjølv om dei kjem frå same saueflokk.

 

Saueskinnsfellar vil blir lagt ut i nettbutikken fortløpande når dei kjem tilbake frå garveriet. Garveprosessen er tidkrevjande. Dette, saman med ventelistar hos garveriet, førar dessverre til lang ventetid mellom leveransane. Ta gjerne kontakt dersom du vil sette deg på venteliste og vere blant dei første som får tilgang til skinnfellane når dei kjem.

Om gammalnorsk spælsau

For berre 10 år sidan var gammalnorsk spælsau nesten utrydda, og vart betegna som ein trua dyrerase. I dag er heldigvis situasjonen annleis, men rasen er fortsatt sårbar og har nemninga bevaringsverdig.

 

Den gammalnorske spælsauen er unik med tanke på dei gamle genene som den er bærar av. Den er ein godlynt, intelligent rase som har eit utprega godt morsinstinkt. Med eit godt utvikla flokkinstinkt som dei har arva opp gjennom mange generasjonar har dei ein suveren måte å forsvare seg på ovanfor rovdyr. Den er lettbeint og kjapp og tar seg godt fram i brattlendt terreng og passar dermed perfekt inn i det Nordfjordske landskapet.

 

(Kjelde: gammalnorskspelsau.org)

Gammalnorsk spælsau