SISIST | Bokomslag
skinn, ull, kobber, lommebok, gjenbruk, kortholder, vegetabilsk skinn, økologisk, saueskinn, skinnfell, saueskinnfell, gammalnorsk spælsau, gammelnorsk spæl, spælsau, spæl, trestamme, spisebrikke, brikke, skjærefjøl, matbrikke, serveringsfat, fat, serveringsbrikke, magasinholder, aviskorg, bladholder, upcycling, gjenvinning, resirkulering, tre, or, olje, maling, uro, blogg
15885
post-template-default,single,single-post,postid-15885,single-format-standard,ajax_updown_fade,page_not_loaded,,vertical_menu_enabled,qode-title-hidden,paspartu_enabled,paspartu_on_top_fixed,paspartu_on_bottom_fixed,vertical_menu_outside_paspartu,side_area_uncovered_from_content,columns-4,qode-theme-ver-13.8,qode-theme-bridge,disabled_footer_top,wpb-js-composer js-comp-ver-5.4.7,vc_responsive

Bokomslag

Eg har så lenge eg kan hugse tatt av papiromslaget som er utanpå dei fleste innbundne bøker når eg skal lese dei. Spesielt når eg har med meg bøker på farta. For det første har det ein tendens til å bli krøllete og revne litt her og der i kantane, og for det andre fordi eg som oftast tykkjer det er finare utan.

For omlag fem år sidan kom eg over eit bokomslag i skinn. Dette passar på omlag alle innbundne bøker i den typiske «skjønnlitteraturstorleiken». Det har to knappar og passar derfor til både tynne og relativt tjukke bøker. Dette omslaget brukar eg på alle bøker eg leser (som passar, vel å merke), anten eg er heime eller på tur. Eg er veldig glad i det sjølv, og har i tillegg fått veldig mange positive kommentarar på det frå andre, som har lurt på kor eg har det frå.

Med inspirasjon frå dette bokomslaget mitt har eg no designa eit bokomslag i vegetabilsk skinn. Med dette håpar eg å kunne glede andre leseglade som vil ta vare på bøkene sine på ein stilfull måte.

God lesing!

No Comments

Sorry, the comment form is closed at this time.